Dyrking og fôring for framtida
– AgroNordVest 2016
Fredag den 21.oktober
2016 på Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Program
10:00 Frammøte,
registrering og kaffi/rundstykke
10:30
Opning
ved Anders
Felde (leiar Sogn og Fjordane Bondelag)
10:40 Status for jordbruksareal i drift i Sogn og
Fjordane
v/Christian Rekkedal (Landbruksdirektør, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)
11:00 Kvifor
skal det produserast mat i Sogn og Fjordane?
v/ Nils Vagstad
(NIBIO)
12:00
Lunsj
13:00 Val av
grasartar i Sogn og Fjordane ved ein lengre og våtare vekstsesong
v/ Liv Østrem (NIBIO)
13:30 Korleis
ta vare på grovfôret du har hausta?
v/Jan H.
Kingsrød (Produktsjef konservering, Felleskjøpet)
14:00
Kva
kostar eigentleg grovfôret ditt?
v/ Jo Helge
Sunde (TINE/Storfe- og mjølkeprosjektet i Sogn og
Fjordane)
14:45 Kaffipause med noko godt
15.15 Kva
potensiale har vi for bruk av beite?
v/ Bjørn-Harald
Haugsvær (Ass. Landbruksdirektør, Fylkesmannen i Sogn
og Fjordane)
15:45 Oppsummering
og avslutning
v/Christian
Rekkedal
Påmelding via www.deltager.no innan 29. september.
Søk fram arrangementet ved å søke med
ordet AgroNordVest. Har du problem med
denne påmeldingsløysinga, send sms til 97517633, så vert det teke kontakt etter
sommarferien. Eventuelt kan du ringe 57 83 70 80 etter 8. august
Påmeldingar er bindande. Eigenandel for deltaking er kr. 200, og dekker
seminar og servering J
Innleiarane
Christian Rekkedal
er landbruksdirektør
hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Han er utdanna sivilagronom og har arbeidd
med landbruk, plan- og miljøsaker, først i Hordaland og deretter her i
fylket.
Nils Vagstad
er adm. direktør hos Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). Han er utdanna ved
Norges Landbrukshøgskole og har hatt ulike leiarroller i norsk forsking. Han
har brei erfaring frå landbruks- og miljøforsking, og har vore ein pådrivar for
å utvikle og styrke internasjonale forskningssamarbeid.
Liv Østrem er
forskar ved NIBIO si avdeling på
Fureneset i Fjaler. Ho jobbar med utviklingsarbeid og forsking innan
grovfôrdyrking og kulturlandskap, og tilpassingar til eit klima i endring. På
oppdrag frå planteforedlingsfirmaet Graminor AS er Fureneset ein vestleg
utprøvingsstad for gras.
Jan Håvard Kingsrød er
produktsjef for konservering i Felleskjøpet Agri. Han jobbar med
ensileringsmidlar og rundballeplast i form av innkjøp, produktsortiment, fagleg
støtte med meir. Særleg oppteken av å auke sjølvforsyninga frå eigen gard ved å
utnytte grovfôret maksimalt.
Jo Helge Sunde
har jobba i TINE
sidan 1991, fyrst som distriktssjef og seinare frå 2004 som prosjektleiar for
Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane. Frå frå 2007 har han óg vore prosjektleiar
for Storfeprosjektet på Sunnmøre. I dette arbeidet har han praktisert å vere
veivalgsrådgjevar, økonomirådgjevar med mål om å hjelpe bønder som ønskjer å
satse på framtida
Bjørn-Harald Haugsvær
er assisterande landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og
jobbar med forvaltning av landbruket sine arealressursar. Bjørn-Harald er mellom
anna sekretær i styringsgruppa for storfeprosjektet i Sogn og Fjordane, og har
hatt ei aktiv rolle i prosjektet «Sau i pluss».