Ei eigendomsoverdraging og eventuelt etterfølgjande pensjonering byr på store og små utfordringar både juridisk, skattemessig og personleg. Ein skal følgje lovverket, samtidig som eige liv og gardens framtidige liv etter overdraginga skal planleggjast for ei best mogleg løysing for alle partar.
Vestland Bondelag arrangera kurs for dykk som er på veg inn i næringa og på tur ut av næringa eller på annan måte er involvert i ei gardsoverdraging.
Erfaring frå tidlegare kurs viser at deltakarar der fleire frå familien kjem saman opplever større utbytte av kurset. Vi oppmodar difor til at begge generasjonane deltek, gjerne med partnarar og søsken. Det er rabattert pris for deltakar nr 2, 3, osv. per familie. I tillegg får medlemmar* i Norges Bondelag ein fordel.
Kurset er eit dagskurs 22.mars frå kl. 10.00 -17.00 med følgjande tema:
- Arverett og framtidsfullmakt
- Rettsforhold mellom ektefelle og sambuarar
- Verdisetting, takst og oppgjer
- Skattemessige forhold
- Meirverdiavgift, dokumentavgift og tinglysningsgebyr
- Odelslova, konsesjon og kåravtalar
- Pensjon og trygd
Advokat Jan Bangen frå Norges bondelag vil stå for det faglege innhaldet.
Prisen inkluderer kurs, materiell og varm lunsj. Påmeldinga er bindande.
*Dersom du ikkje er medlem, men ynskjer å melde deg inn i Norges Bondelag kan du sende beskjed til [email protected] eller melde deg inn direkte her https://www.bondelaget.no/bli-medlem/
