Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Fagdag geriatri 22. april

Fagdagen er eit årleg arrangement i samarbeid mellom kommunane på søre Sunnmøre, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. Målgruppa er helsepersonell i kommunane og ved sjukehuset i Volda, studentar og tilsette ved Høgskulen og andre som er interesserte i temaet.

På årets fagdag har vi valt å sette søkelys på dei sårbare overgangane som mange pasientar opplever, situasjonar som pasienten har liten kontroll over. Overgangar vi særleg tenkjer på her er mellom kommune og sjukehus, men problemstillinga er og aktuell internt i eigne organisasjonar.

Alle overgangar medfører ein risiko ! Vi må redusere farane for pasientane når dei er i overgangen mellom sjukehus og kommunehelsetenesta. Vi må både redusere tal overgangar ved å behandle pasientane på rett stad og hindre at pasientar vert flytta unødig. Vi må saman nytte ny teknologi som er tilgjengeleg og utarbeide gode behandlingsplanar for og saman med pasientane .

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon