
Årets alpinsesong er snart i gang, og Jølster Alpin i samarbeid med Jølster Skisenter tilbyr trening til alle nivå. Våre erfarne skiinstruktørar vil gjere vårt aller beste for at du skal få ei god skioppleving!
Treningane er delt opp i 4 forskjellige grupper ut frå alder og ferdigheit. Fødselsåra nedanfor er rettleiande for Gruppe A og B, men er faste for Skiskulen og Gruppe C. Det er avgrensa plassar i alle grupper. Påmelding er nedst på sida.
I år som i fjor kan dei som går på Skiskule fortsette på Gruppe A, og ein kan vere med både i Gruppe B og Gruppe C.
Vidare informasjon vil kun bli gitt på Facebook gruppa Firdaskiskule 2017. Meld deg inn!
Skiskule
Aldersgruppe 2012 til 2008. (fast nedre og øvre aldersgrense)
Skiskulen vil ha trening laurdag 7. og søndag 8. januar (kun ei helg)
Det vert delt opp i to grupper.
Gruppe 1 vil ha treningstid kl 11:00 til 12:30
Gruppe 2 vil ha treningstid kl 13:00 til 14:30
Informasjon om gruppefordeling vil bli gitt etter at påmeldingsfristen er gått ut.
Skiskulen høver for deg som ikkje har stått på ski før, eller har stått litt på ski. Grunnleggande skiteknikk med fokus på skitryggleik og moro!
Går føre seg i barneheisen ved mellomstasjonen, (Hauglandsheisen), eller i Uglumsheisen, ved varmestova.
Dei som går på Skiskule kan fortsette på Gruppe A. Du får valg om dette i påmeldinga. Du v må velje Skiskule når du melder på, så får du opp val om Gruppe A etterpå.
Dersom ein vil fortsette i Gruppe A, så vær merksam på at barn i denne gruppa må kunne køyre heis, og klare seg sjølv i bakken (starte, køyre og stoppe) utan hjelp frå trenar. Eventuelt at ein har med ein ansvarleg vaksen som hjelper dei med dette.
Gruppe A
Aldersgruppe 2011-2008 (rettleiande)
Tidspunkt: tysdag eller torsdag kl 18:30 til 19:30. Du vel dag i påmeldinga. Oppstart 10. og 12. januar og held fram til månadsskiftet mars/april.
Gruppe A høver for dei som har stått litt på ski frå før.
Treningane vil vektlegge varierte aktivitetar i og rundt traseen, med fokus på skiglede.
I denne gruppa må barna kunne køyre heis, og klare seg sjølv i bakken (starte, køyre og stoppe) utan hjelp frå trenar. Eventuelt at ein har med ein ansvarleg vaksen som hjelper dei med dette.
Gruppe B
Aldersgruppe 2010-2005. (rettleiande)
Tidspunkt: tysdag eller torsdag frå kl 18:30 til ca 19:45. Du vel dag i påmeldinga. Oppstart 10. og 12. januar og held fram til månadsskiftet mars/april.
Gruppe B høver for dei meir erfarne som meistrar å følgje stor heis.
Treningane vil vektlegge varierte aktivitetar i og rundt traseen, med fokus på skiglede.
- Dersom ein greier å køyre stor bakke, men må ha hjelp til heisen, er dette greitt så lenge ansvarleg voksen tar ansvar for heiskøyringa.
NB: Barn fødd i 2009 eller eldre, kan utan ekstra kostnad delta på Gruppe C. Du får opp valg om dette i påmeldinga. Les meir om gruppe C nedanfor.
Gruppe C - Alpin trening
Aldersgruppe 2009 og eldre. (fast nedre aldersgrense)
Treningstid: måndag og torsdag kl 17:45 – 20:00. Oppstart 2. januar og held fram så lenge det er snø.
Denne gruppa er for dei som vil trene med sikte på å konkurrere i alpint.
Treningane vil fokusere på Storslalåm, SuperG og Slalåm. Hovudsakleg i Kvamsbakken, men av og til i Bjørkelibakken (nedste bakken)
Ein kan melde seg på både til Gruppe B og Gruppe C utan ekstra kostnad (sjå info om dette under Gruppe B). Ein må då melde seg på via Gruppe B, der ein får valg om å også melde seg på Gruppe C.
Påmeldingsfrist 06.01.2017. Dersom det er fullt, så send ein epost til [email protected] dersom du vil stå på venteliste.
Prisar:
Skiskule 500,-
Skiskule + Gruppe A 800,-
Gruppe A, B, 700,-
C og B+C 800,-
Nytt av året er at ein må betale bompengar dersom nedste heisen er i drift. Dersom heisen ikkje er i drift vil ein kunne køyre opp så lenge ein har eit KeyCard. Meir informasjon om dette finn du på heimesidene til Jølster Skisenter.
Barn som er i skulealder må kjøpe heiskort.
Vi tek atterhald om snøtilhøve/forhold.
Innmelding i ditt lokale idrettslag: Alle som deltek i organisert aktivitet lyt vere medlem i eit idrettslag. Ein vil då automatisk vere forsikra via NIF si barneidrettsforsikring som gjeld både for alpint, fotball eller andre organiserte idrettar. Meld deg inn her: Jølster IL.
Dersom du er over 13 år og køyrer aktivt på ski, lyt du teikne skilisens for å få forsikring og for å kunne stille til start ved skirenn. Meir informasjon finn du her: Skiforbundet .
Har du spørsmål, ta kontakt med Ørjan Smaadal: 913 33 011, eller send epost til [email protected]
Vennleg helsing Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter