Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Fritidsklubb i stallen

Vil du lære meir om korleis det er å ha sin eigen hest?  Går du i 4. - 7. klasse er du hjarteleg velkommen til fritidsklubb i stallen med undervisning i hest! 

Norsk Fjordhestsenter kan med midlar frå Sparebanken Vest gje tilbod om fritidsklubb onsdagar frå skuleslutt til kl.15.00. Du kan kome mellom kl.11.00 - 11.30. Kantina vil vere open så du kan ete nista di medan vi ventar på at alle skal kome. Første onsdagen er 23.januar, og vi vil halde på 10 onsdagar (fri i vinterferien) med siste dag 3.april. Du vil lære mykje om handtering av hestar, stallarbeid og riding. 

Det vil mellom anna vere aktivitetar som:

  • Riding 
  • Voltige
  • Stell av hest
  • Stallarbeid
  • Teori
  • Generell handtering av hest

Tidspunkt: Kl. 11 - 15

Avgrensa tal plassar.

Bindande påmelding. 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon