Gym & Gaming for gutar 12. oktober

Sogndal Kommune og Idrettssenteret inviterer gutane til sosial gym & gaming i dei profesjonelle lokala til GG Sogndal. Opplegget er som følger
12 - 14 Gaming (sosial gaming, mini spel turneringar, bruk av VR-briller)
14 - 15 Gym (aktivitetar som squasj, bordtennis m.m. - ta evt. med innesko med lys såle)
15 - 16 Mat frå Ellevilt
16 - 19 Gaming (sosial gaming. Deltakarane kan avslutte tidlegare om dei ynskjer)
Oppmøtestad er Gym&Gaming Sogndal sine lokale, i 2. etg. over Idrettssenteret på campus.
Deltaking kostar 100 kr (inkludert mat), men vi ynskjer ikkje at økonomi skal vere ei barriere. Dersom du har vanskar med å betale, ta kontakt med [email protected]
Deltakarar under 15 år må oppgje kontaktinfo til føresette.
Dersom arrangementet er fullt, kan du setje deg opp på venteliste her: https://forms.office.com/e/mqtYavLzHP
Aktiviteten er finansiert av midlar frå Bufdir og Idrettssenteret sitt inkluderingsfond (Mobit og Sognenett).