Gjensidige treningssamling Jølster
BAKGRUNN
Sogn og Fjordane Friidrettskrins ynskjer å skape gode sportslege rammer for friidrettssatsing i krinsen.
MÅLGRUPPE
Mellom og langdistanseløparar, gutar og jenter født 2008 (15 år frå sesongen 2022) og eldre. Med overnatting.
Mellom og langdistanseløparar, gutar og jenter født 2009 og 2010 (13 år - 14 år). Utan overnatting.
HOVUDTRENAR:
Eivind Øygard.
OVERNATTING:
Klakegg. Airbnb-hus.
Overnatting gjeld 15 år og eldre.
13-14 år kan delta på alle enkeltøkter.
SAMLINGSPROGRAM:
| 20.6 | 21.6 | 22.6 | 23.6 | 24.6 |
Morgonøkt | | Roleg jogg/alternativt 30-60min | Terskelintervall løp/alternativ terskel eller roleg | ALLE: Roleg jogg 30-60min, drill, sprint + basisstyrke. | ALLE: Kl. 11:00-12:30. Konkurranse-førebuande økt på bane. Økt tilpassast behov. |
Kveldsøkt | Kveldsstemne Byrkjelo. Oppmøte seinast 18:00 om ikkje annan info kjem. 1500m start 19:00-19:30. + Jogg eller intervall etterpå. | ALLE: Roleg jogg 30-50min + basisstyrke | ALLE: Terskelintervall løp ELLER alternativ terskelintervall (rulleski/sykkel) | Individuelt tilpassa. | |
SPØRSMÅL?
Ta kontakt med hovudtrenar Eivind Øygard (47 84 59 60).
Sjå www.sffik.no