Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Grunnleggjande instruktørkurs (Trondheim)

Velkomen til grunnleggjande instruktørkurs!

Påmeldingsfrist for kurset er tysdag 20. september innan kl. 23:59. (Påmeldingsskjema finn du nedst på denne sida).


I samarbeid med Bondeungdomslaget i BUL i Nidaros skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt grunnleggjande instruktørkurs i Trondheim helga 24.-25. september 2022. Instruktørkurset går over ca. 12 timar laurdag og sundag.

Om kurset:

På kurset lærar du dansar og metodar for å lære bort desse, du lærer også om verktøy du har til bruk når du er instruktør og kjeldekritikk knytta til verktøya. Gjennom kurset lærer du om kva språk og terminologi som vert brukt innanfor dei ulike dansefamiliane og refleksjon rundt dette. På kurset vil ein i hovudsak ta utgangspunkt i runddansar og Rørospols. Det vil bli lagt til rette for diskusjon, refleksjon og erfaringsdeling mellom kursdeltakarane. Det kan også bli moglegheit for deltakarane å prøve ut ulike metodar for instruksjon undervegs i kurset.

Læringsmål:  

  • Deltakarane skal læra eit repertoar av gode dansar som er fine å bruka i starten som instruktør 

  • Deltakarane skal læra metodar for å lære bort dans 


Om instruktøren:
Torill Jørgensen er eit kjent og blidt ansikt for mange i folkendansmiljøet. Ho dansar aktivt i Røros Folkedanslag, og har tatt utdanningar i tradisjonskunnskap og dansepedagogikk ved NTNU.  Torill har heldt mange kurs lokalt for både barn og vaksne, men ho har også vore invitert til å halde kurs både elles i Noreg og i utlandet. Torill fortel at når ho sjølv ønskjer å lære noko nytt, så likar ho best å danse med nokon for å kjenne på rørsla. Det er slik eg sjølv har lært dans, gjennom “gerør”, fortel ho. Når ein dansar står musikken sentralt i formidlinga, og det er viktig å arbeide med å finne dansen i musikken, legg ho til. Dansekursa til Torill er for deg som likar å danse, likar å finne ut meir om deg sjølv som dansar og for deg som har lyst til å prøve noko nytt. Torill har erfaring i å halde kurs for både røynde dansarar og nybyrjarar, og er dyktig på å rettleie deg gjennom dansen.  

Musikar på kurset er Jørgen Bønstu Nyrønning.


Målgruppe: 
Kurset er i hovudsak for vidarekomne dansarar og for deg som har dansa ein del eller mykje og vil bli eller allereie er instruktør.


Kurstider:

Fysisk kurs 24.-25. september i Trondheim:
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 10:30-15:30

(Med atterhald om endringar).

Kurslokale: 
BUL-hytta til Bondeungsomslaget i Nidaros. Hytta ligg på Lian i Trondheim. Frå trikken er det om lag 15 minutt å gå til hytta. Det er også mogleg å kome med bil.
Lenke til kart der du finn BUL-hytta: https://goo.gl/maps/Sd2XYiVn7u1Hicjv6 
Les meir om BUL-hytta her: https://gunvor.bulinidaros.no/bul-hytta/

Prisar:

Kurspris inkl. lunsj begge dagar: 400,-
Tilleggspris for ikkje-medlemmer i NU: 500,-

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på [email protected] før du fullfører påmeldinga.


Betaling:

Dersom du vil få tilsendt faktura for kostnadane bruker du kampanjekodefeltet og skriv inn koden "instruktørkurs". Fyll også ut kven som skal motta faktura i påmeldingsskjemaet med feltet nedst i skjema.


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via deltager.no. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er torsdag 20.september kl. 23:59.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje refundert.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til [email protected] 


Smittevern:

Vi vil sjølvsagt følge med på eventuelle smittevernregler og tilpasse oss dette slik at det blir eit trygt kurs å delta på. Er du usikker på noko må du gjerne ta kontakt med oss så vi kan legge til rette for dine behov.


Open hytte:

På kvelden kl.19.30 inviterer Folkedanslaget i BUL i Nidaros til open hytte. Meir informasjon om dette kan du finne i deira sine kanalar.


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon