Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Haustfest Voss Folkehøgskule 2022

Velkomen til Haustfest på Voss folkehøgskule 2022

Laurdag 5 . november 

Tida går raskt, elevane har vore på skulen i åtte veker allereie! 

Me gler oss til å møte føresette/gjester på haustfest, ein stolt tradisjon!

Me knyter sterke band til dei me går på folkehøgskule i lag med, har mange fine opplevingar og lærer mykje. Dette vil me dele med dykk foreldre/føresette! 

 

Det vert «open skule», treff med linja, konsert, festmiddag og festprogram. 

Ikkje minst vil du få treffe alle elevane og dei tilsette ved skulen. 

 

Åpen skule frå kl 13, klokka 15 linjetreff på klasserom. Etter dette vert det konsert, festmiddag og festprogram med flotte innslag frå elevane! 

Me er ferdige for kvelden omlag kl 21.30


Program Haustfest Laurdag 5. november

13 - 15 Åpen skule + kaffi og litt å bite i

15 – 16.00 Linjetreff. På klasserom.

16.15 - 17.30 Konsert med flotte innslag frå elevane!

18.00 Festmåltid. Tradisjonsmat frå Voss.

20.00 Festprogram med flotte innslag frå elevane!

Gjerne påmelding innan måndag 31 oktober. Dette er til stor hjelp i planlegginga vår.

Pris kr 275 for vaksen, born gratis til og med 12 år. 

Prisar/påmelding gjerast via deltager (lenke kjem)

Me har fysiske plassbegrensingar derfor ynsker me i utgangspunkt eit tak på to deltagarer per elev. Ta kontakt med skulen om du har andre behov, så legg me til rette.

 

 

 

Registreringsskjema