Helse Førde stafetten
Om Helse Førde stafetten
Alle kan delta med eit lag i Helse Førde Stafetten; verksemder, venelag, idrettslag, nabolag og alle andre lagsamansetningar kan delta!
Helse Førde stafetten har seks etappar. Les meir om stafetten og sjå løypekartet på stafettsida.
Bedriftsklassen er for lag som vil gå, jogge eller springe gjennom stafettløypa, denne klassa gjeld bedriftslag så vel som vennelag og andre lag.
Idrettsklassen er for dei som ynskjer å springe fort gjennom løypa
Meld laget ditt på i bedriftsklasse eller idrettsklasse i registeringsskjema under. Når du melder på eit lag skal du berre skrive inn navn på laget og kontaktperson. Navna på dei som spring på laget skal ikkje skrivast inn i påmeldingsskjemaet (og blir heller ikkje registert andre stadar - det betyr fleksibilitet på korleis laget ser ut heilt fram til stafettdagen) .
For eit lag er påmeldingsavgifta kr 600,- .