Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Marked 3.0 sommarkurs kalkyler og forhandlingsstrategi

/ KOSTNADSKALKYLE     // FORHANDLINGSSTRATEGI      /// MARKNADSSTRATEGI


Marked 3.0 er ein serie kurs og fagdagar til deg som foredlar råvarer frå eigen gard for sal direkte eller via salsledd. Kurs der du får verktøy som hjelper deg i kvardagen og gir tryggleik for vanskelege besluttningar i ei krevjande tid. Når kostnadsauken bankar på døra må kalkylene fram og helst skal du klare å sitte att med same overskot i kroner som før auken. Prisauke vert ofte konsekvensen, endra pris har konsekvens for produkt, kanal og påverkar salet. Prisauken skal forhandlast på og prispunkt skal vurderast. På samlinga deler vi deg inn etter tema, har du kalkyler treng du forhandlingsstrategi og har du ikkje kalkyler så treng du dei for å forhandle. Vi har med oss to særs dyktige fagfolk frå Salgslaget.no som vil kurse deg i kalkulering og forhandling. Dagleg leiar i kompetansenettverket leiar gruppa med marknadsstrategi som er passar godt for deg som er i oppstart.

Felles for alle områda gjeld gjennomgang av  produkt, pris, kanal og marknadsføring – ein plan for produktmiksen din mot marknad og pris. Målsetting for kurset er at du får di eiga kostnadskalkyle, plan for posisjonering og målsetting for forhandling med salsledd eller marknadsstrategi for sal av varene generelt. I etterkant av kurset får kvar og ein to timar med gratis oppfyljing i di bedrift på det temaet som mest behov for.

Velkommen til sommarkurs der vi garanterer at du får eit verktøy du vil ha glede av i fleire år framover. Kompetansenettverket for Lokalmat Vest ved Aud Slettehaug og Salgslaget ved Frode Kristensen og Viggo Johannessen.

 

Registreringsskjema