Vi køyrer eit miniridekurs med 5 ridetimar i mai/juni.
Oppstart veke 19. Merk at det ikkje er undervisning på raude dagar.
Mandag:
Lett øva kl. 18-19. Passar for deg som er trygg i skritt, og har begynt å trave aleine.
Foreldregruppe kl. 19-20. Gruppe for alle foreldre som vil lære meir om hest og ridning.
Tysdag:
Nybegynner kl. 17-18. Passar for deg som har lyst til å lære meir om hest og ridning, og for deg som har vore litt bort i hest før.
Torsdag:
Øva kl. 18-19. Passar for deg som er trygg på å skritte og trave aleine, og som er klar for å galoppere, og for deg som har galoppert litt.
Voksengruppe kl. 19-20. Gruppe for deg over 15 år som har lyst til å lære meir om hest og ridning. Passar for deg som har vore litt bort i hest før.
Dette er foreløpig gruppebeskrivelse. Endringar etter påmeldingsfristen kan forekomme for å få grupper som fungerer best mogleg.
Avgrensa tal plassar.
Bindande påmelding.
Vektgrense 85 kg.
Er du usikker på kva gruppe som passar for deg så ikkje nøl med å ta kontakt!
Håpar vi ser deg på kurs!