Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Mitt memoar - digitalt forteljarkurs for vaksne

Velkomen til den digitale versjonen av "Mitt memoar - forteljarkurs for vaksne. Her kan deltakarar frå heile landet vere med - så sant dei har nett og ein datamaskin med kamera og mikrofon. Du treng ikkje vere dataekspert - vi kan ta ei "tørrtrening" eller to før sjølve kurset startar, så vi er sikre på at teknikken fungerar. 

Bortsett frå den tekniske ramma, kjem dette kurset til å følgje same progresjon som det fysiske parallellkurset som går på onsdagane i dei same vekene. Målgruppa for begge er vaksne folk  som vil skriva om  eller fortelja på andre måtar om om minne  og livserfaringar. 

Kurset kjem til å handle om å bygge opp lange linjer  i forteljinga - og utforming av episodar og anekdotar. 

Kurset passar for alle som ikkje er vande med å fortelje om seg sjølv.  

Og det passar ekstra godt for folk som likar å arbeide saman med andre. 

Kurset går over seks kveldar eller føremiddagar, alt etter kva som passar best for deltakarane,  og kostar kr. 2.500,- 

Kursleiar blir Bjørn Enes,  journalist og grunnleggar av Memoar -  norsk organisasjon for munnleg historie. 

Etter kurset vil alle som følgjer opplegget ha eit dokument å dele og eventuelt publisere. 

Sjå meir på nettsida https://mitt.memoar.no

 

Registreringsskjema