Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

MUF-konferansen 2026

Velkommen til årets MUF-konferanse på MS «Color Magic», Oslo-Kiel-Oslo

Konferansen startar tysdag 24. november kl. 1100 og sluttar når vi legg til kai torsdag 26. november kl. 1000. Det er registrering i forkant av konferansen i eigen skranke på Color Line sin terminal på Hjortneskaia. Alle som skal om bord må ha pass eller nasjonalt ID-kort.


Pris: kr. 6800 for deltakar og kr. 4500 for følgje.   Alle påmeldte vil få tilsendt faktura for deltakaravgifta.   Hugs å innhente korrekt fakturaadresse (EHF) og  ansattnr for dykkar skule/fylke/organisasjon før de fyller ut påmeldingsskjemaet. 

MUF-konferansen er ein nasjonal delings- og nettverkskonferanse for alle dei maritime utdanningsinstitusjonane, samt sjømannsorganisasjonar, utstyrsleverandørar, private/offentlege organisasjonar - og andre med tilknyting til maritim utdanning.   

Hovudtema på årets konferanse er «Hvordan sikre fremtidig bemanning?»   I fyrste del av programmet, før Color Magic legg frå kai, er vi så heldige å ha fått Fiskeri- og næringsminister Marianne Næss Sivertsen og Knut Arild Hareide, adm.dir. i Norges Rederiforbund, til å halde innlegg. I etterkant av deira innlegg er det planlagt ei samtale. Styret oppmodar medlemmane/deltakarane til å sende inn spørsmål de ynskjer å ta opp i denne samtala, så skal ordstyrar for denne sesjonen prøve å formidle dette. Spørsmåla må vere styreleiar i hende innan påmeldingsfristen.   

På dag to er det også satt av noko tid til at fagmiljøa sjølv kan møtast. Avtal gjerne desse møta i forkant av konferansen. Dersom de ynskjer å booke møterom til dette, må de sende melding til styreleiar innan påmeldingsfristen.   

Program for konferansen finn ein på heimesida til Maritimt utdanningsforum: mariut.org   Programmet er tentativt, og vil bli oppdatert fram mot konferansen.   

Hjarteleg velkomen!  

 På vegne av styret i MUF,   Håvard Magnus Njåstad, styreleiar   E-post: [email protected], tlf: 951 35 841

 

Registreringsskjema

Etternavn
 *
Fornavn
 *
E-postadresse
 *
Gjenta e-post
 *
Firma/Skole/Institusjon
 *
Stillingsbeskrivelse
 *
Mobil
 *
Fødselsdato
 *
Kjønn
 *
Fakturaadresse deltaker (EHF/referanse)
 *
Annet/Alllergier/ etc
Har du med ledsager?
 *
Gi beskjed om du ikke ønsker å stå på deltakerliste som sendes ut før konferansen
Pass/nasjonal ID kreves for å delta på reisen
 *