Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Ridekurs haust 2024

Haustsemesteret startar opp igjen i veke 34.

Ridekursa går over 7 veker. Nytt kurs startar etter haustferien. 


Mandag kl. 17.00-18.00: Knøttegruppe

Alder: 4-7 år. 

Dette kurset passer for dei små som ynskjer å lære seg meir om hest. Her vil man bruke god tid på å bli trygge i stallen og i omgang med dyra. 

Ein vil både lære seg å stelle og børste hest, leie hestane gjennom ulike løyper, sitte på hestane i voltige og vere med på køyring. I tillegg vil det vere aktivitetar som stallarbeid, pussing av utstyr og leik og morro. Fokuset er at det skal vere kjekt og trygt å vere i stallen!


Mandag kl. 18-19.30: Turgruppe

Har du lyst til å ri på tur, men har ikkje hest? Da kan du bli med her! Vi rir ut på tur med dei kjekke skulehestane våre! Passer for alle aldrer. 


FULLT! Tysdag kl. 18-19: Lett øva 1

Forkunnskaper: For å kunne melde på dette kurset må du kunne leie hesten din sjølv, stelle og sale på. Du må også kunne kontrollere hesten i skritt, og du har prøvd å trave. 

Du vil lære om stallreglar, hesten sitt eksteriør og instinkt, ulike sitser, ri enkle rideveiar, lettriding, ri over bommar og du vil bli introdusert til galopp. 


Tysdag kl. 19-20: Voksengruppe

Gruppe for alle voksne som vil ri - både du som har ridd en del i det siste, og for deg som har lyst å ta opp igjen ridinga.


Torsdag kl. 17-18: Nybegynner 1

På dette kurset vil du lære  om hestens språk, navn på ulike kroppsdeler, børste hesten, ta av og på utstyr, leie hesten og prøve å ri. 


Torsdag kl. 18-19: Lett øva 2

Forkunnskaper: For å kunne melde på dette kurset må du kunne leie hesten din sjølv, stelle og sale på. Du må kunne kontrollere hesten din i trav, og du har prøvd å galoppere. 

Du vil lære om hesten sitt eksteriør og instinkt, kva dei ulike delane på salen og hodelaget heiter, lære korleis sitsen påverkar hesten, ri over bommar og lave hinder og bli tryggare i galopp. 


Bekreftelse på tider blir sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut. For at alle skal få mest mogleg ut av kurset må vi fordele rytterane som melder seg på på dei ulike gruppene. Vi kan derfor ikkje garantere at de får det klokkeslettet som de melder på. Om det er tidspunkt som ikkje passer er det fint om det blir notert i påmeldinga, så skal vi gjere så godt vi kan for at det skal passe for alle. 


Merk at vi har vektbegrensning på ryttarar på 85kg.

Avgrensa tal plasser. 






Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon