Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Ridekurs på Norsk Fjordhestsenter

Ridekursa startar opp i veke 4. 


Ridekursa består av 10 timar, ingen undervisning i vinterferien. På kurset vil du lære å stelle hest, sale av og på og å ri. Det vil bli riding både på bane og på tur, i tillegg til voltige og teori. Kursa og innhaldet vil bli tilpassa etter nivået på dei ulike gruppene. 


Vi gjer merksam på at det er mogleg å vere med med eigen hest på ridekurs, dersom du ønskjer det. Då melder du deg på ved å sende epost til [email protected] 


Foreløpig oversikt over tidspunkt:


Tysdagar kl. 17-18:

Nybegynner barn. Passar for dei som ikkje har prøvd å ri før, og for dei som har ridd litt.


Tysdagar kl. 18-19:

Lett øva barn. Passar for dei som har vore litt bort i hest, men som ikkje er sjølvstendig i alle gangartar enda. Ein må kunne skritte aleine. 



Torsdagar kl. 17-18:

Lett øva barn/ ungdom. Passar for dei som  har ridd litt før, men som ikkje er trygg i alle gangartar enda. Ein må kunne trave aleine. 


Torsdagar kl. 18-19: 

Nybegynner ungdom/ vaksen.  Passar for dei som ikkje har prøvd å ri før, og for dei som har ridd litt, men som ikkje er trygg på å trave aleine enda. Vi oppmodar foreldre til born på ridekurs, og andre vaksne som kan tenke seg å bli trygg på hesteryggen til å melde seg på her! Dette blir både sosialt og kjekt, i ei trygg ramme. Ta med deg ein ven og bli med!


Torsdagar kl. 19-20:

Vidarekomne vaksen. Passar for dei som meistrar alle gangartar. Vi ønskjer å skape ein kjekk arena med hest for vaksne som har ridd tidlegare eller som er aktive no. 


Bekreftelse på tider blir sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut. For at alle skal få mest mogleg ut av kurset må vi fordele rytterane som melder seg på på dei ulike gruppene. Vi kan derfor ikkje garantere at de får det klokkeslettet som de melder på. Om det er tidspunkt som ikkje passer er det fint om det blir notert i påmeldinga, så skal vi gjere så godt vi kan for at det skal passe for alle. 


Merk at vi har vektbegrensning på ryttarar på 85kg.







Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon