Ridekursa startar opp igjen i veke 2.
Ridekurset går fram til vinterferien.
Mandag kl. 17.00-18.00: Knøttegruppe
Alder: 4-7 år.
Dette kurset passer for dei små som ynskjer å lære seg meir om hest. Her vil man bruke god tid på å bli trygge i stallen og i omgang med dyra.
Ein vil både lære seg å stelle og børste hest, leie hestane gjennom ulike løyper, sitte på hestane i voltige og vere med på køyring. I tillegg vil det vere aktivitetar som stallarbeid, pussing av utstyr og leik og morro. Fokuset er at det skal vere kjekt og trygt å vere i stallen.
Tysdag kl. 18-19: Voksengruppe lett øva 1
Forkunnskaper: For å kunne melde på dette kurset må du kunne leie hesten din sjølv, stelle og sale på. Du må også kunne kontrollere hesten i skritt, og du har prøvd å trave.
Du vil lære om stallreglar, hesten sitt eksteriør og instinkt, ulike sitser, ri enkle rideveiar, lettriding, ri over bommar og du vil bli introdusert til galopp.
Tysdag kl. 19-20: Voksengruppe, øva
Voksengruppe for deg som har ridd ein del før og mestrar hesten godt i skritt og trav.
Onsdag kl. 17.00-18.00: Knøttegruppe
Alder: 4-7 år.
Dette kurset passer for dei små som ynskjer å lære seg meir om hest. Her vil man bruke god tid på å bli trygge i stallen og i omgang med dyra.
Ein vil både lære seg å stelle og børste hest, leie hestane gjennom ulike løyper, sitte på hestane i voltige og vere med på køyring. I tillegg vil det vere aktivitetar som stallarbeid, pussing av utstyr og leik og morro. Fokuset er at det skal vere kjekt og trygt å vere i stallen.
Torsdag kl. 16-17: Guttegruppe
Gruppe for alle gutar som har lyst til å lære meir om hest og ridning. Passar både for dei som har ridd litt tidligare, og for dei som ikkje har så mykje erfaring frå før.
FULLT! Torsdag kl. 17-18: Nybegynner 1
På dette kurset vil du lære om hestens språk, navn på ulike kroppsdeler, børste hesten, ta av og på utstyr, leie hesten og prøve å ri.
Torsdag kl. 18-19: Lett øva 1
Forkunnskaper: For å kunne melde på dette kurset må du kunne leie hesten din sjølv, stelle og sale på. Du må også kunne kontrollere hesten i skritt, og du har prøvd å trave.
Du vil lære om stallreglar, hesten sitt eksteriør og instinkt, ulike sitser, ri enkle rideveiar, lettriding, ri over bommar og du vil bli introdusert til galopp
Torsdag kl. 19-20: Lett øva 2
Forkunnskaper: For å kunne melde på dette kurset må du kunne leie hesten din sjølv, stelle og sale på. Du må kunne kontrollere hesten din i trav, og du har prøvd å galoppere.
Du vil lære om hesten sitt eksteriør og instinkt, kva dei ulike delane på salen og hodelaget heiter, lære korleis sitsen påverkar hesten, ri over bommar og lave hinder og bli tryggare i galopp.
Bekreftelse på tider blir sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut. For at alle skal få mest mogleg ut av kurset må vi fordele rytterane som melder seg på på dei ulike gruppene. Vi kan derfor ikkje garantere at de får det klokkeslettet som de melder på. Om det er tidspunkt som ikkje passer er det fint om det blir notert i påmeldinga, så skal vi gjere så godt vi kan for at det skal passe for alle.
Merk at vi har vektbegrensning på ryttarar på 85kg.
Avgrensa tal plasser.