Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Showklasse for premierte hingstar

I høve markeringa av 75 årsjubileet til Norges Fjordhestlag blir det uoffisiell showklasse for premierte hingstar laurdag 04. mai på Nordfjordeid kl.12.00 (foreløpig tidspunkt/ etter opptoget).


Norges Fjordhestlag ønskjer å invitere alle premierte hingstar til ei showklasse. Mange av dei har ikkje har vore viste på utstilling på fleire år. Det hadde vore flott å vise fram desse hingstane. Mange har markert seg i avl og sport, og eit gjensyn under eit jubileum som i år hadde vore svært gledeleg.

Showklassa blir open og hingstane som deltek får eksteriørbedømming og omtale. Hingstane blir rangerte, og den beste er med og kjempar om tittelen «Dagens Hest». Arrangøren har sett opp flotte gåvepremiar i klassen. Vurderinga av hingstane medfører ikkje endring av premiegrad. 

Påmelding skjer gjennom letsreg.no. Nærare informasjon vil bli tilsendt etter påmelding. Framvising og premiering blir i slutten av pausen før den ordinære premieringa .


Møtestad
Adresse: Utstillingsringen i Øyane, Nordfjordeid, 6770 Nordfjordeid,
Nærmere presisering: www.norsk-fjordhestsenter.no og www.fjordhest.no




Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon