Webinar: Korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep - Introduksjonskurs SNAKKE med barn og Jeg Vet

RVTS Vest, Statsforvaltaren i Vestland og Statforvaltaren i Rogaland og inviterer til introduksjonskurs til SNAKKE med barn og Jeg vet -  med tema korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.


Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Å vekse opp med vald, overgrep og omsorgssvikt aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet.


Barn treng trygge vaksne! 

På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane snakkemedbarn.no og jegvet.no. SNAKKEmedbarn og JegVet kan bidra til at nettopp DU vert ein vaksen som vågar å sjå og tør å handle når du er bekymra for eit barn.


Etter kurset vil du:

- Ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge

- Ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og Jegvet.no

- Ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no


Praktisk informasjon
Startdato: 24.04.2025 kl. 09:00
Sluttdato: 24.04.2025 kl. 14:00
Påmeldingsfrist: 22.04.2025 kl. 09:00

Sted:
Webinar

Legg til i kalender
Kontaktinformasjon:
Linda R. Kvalvik
Telefon: 98688394
[email protected]
Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon