Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

SNIL NyttårsFotball





Tysdag 2.januar vil skular, barnehagar og SFOar i bygda vere stengde grunna planleggingsdag. Søre Neset Idrettslag inviterar alle fotballglade gutar og jenter i bygda frå 1.-8.klasse til NyttårsFotball på Halhjem Idrettsplass.

Her kan barna kome å ha det kjekt i lag og spele fotball og kose seg. Det vil sjølvsagt bli mest leik og morro for dei yngste og fokus på fotballdelen for dei litt eldre. Dagen vil bli fylt med mellom anna fotballøkter, quiz og konkurransar, der alle som deltar vil bli premiert.

Alle må ha med:

- ull over- og underdel

- vottar, luer, bytesokkar (gjerne 2 par)

- joggebukse og genser/fotballbukse og genser

- fotballsko og fotballsokkar

- leggbeskyttarar

- drikkeflaske

- eit ekstra kledebytte då været kan bli ein utfordring


Tysdag 2.januar 2024

Innsjekk 09:00-1000. Utsjekk 1400-1500

Ordinær pris 250 kr inkl. mat

- 25% rabatt dersom ein har deltatt på tidlegare arrangement på Halhjem i 2023 (kampanjekode: FS25)

Alle barna vil få servert lunsj + eit lite mellommåltid. Dei treng ikkje å ha med seg eiga mat, men det er viktig at vi blir informert om evt allergiar/sjukdommar!

Husk å gi barna en god frokost før dei kjem!


Kiosk, med forholdsvis sunne varer, vil vere open frå kl. 14 - ca. 14:30. Ta helst med småpenger ;)


Dersom de har spørsmål eller kommentarar er det berre å ta kontakt med Frank Haugland på mobil 90855354 evt sende ein mail til [email protected]


Ønsker alle ei fredfull jule- og nyttårsfeiring, så sjåast vi på nyåret :)


Vel møtt :) 

Mvh 

Søre Neset IL







Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon