Velkommen alle fotballglade jenter og gutar,
Søre Neset Idrettslag arrangerer SNIL Vinter Fotball 2024 på Halhjem måndag 26.februar til og med onsdag 28.feb for 1.-8. klasse.
Alle som kjem vil få spele mykje fotball, i form av både nye og kjente øvelser og spel, men samstundes vil borna få mykje leik og moro, konkurransar og quiz.
Vi fortsetter å trene dei yngste i å bli "sjef over ballen". Vi øver mykje på å bruke begge beina slik at ingen fot er den dårlegaste.
I tillegg vil vi ha mange forskjellige konkurransar, krabben, kaste - heade - keeper, skyte-konkurransen, nettsus, cross bar-challenge, straffekonk, skadla - gripa og quiz m.m.
Vi vil lære dei eldste borna å ha fokus på;
- progresjon, offensiv dekning, skape rom, mobilitet
- forsinkelse, defensiv dekning, balanse, kompakt
- persepsjon (orienteringsevne), riktig kroppsposisjon, proaktiv bevegelse med og uten ball m.m.
I tillegg vert det for alle;
- hurtighetstrening (vi brukar å ha agility-øvelsar, gjerne som oppvarming)
- styrketrening (core: der vi lærer borna å bruke si eiga kroppsvekt som motstand)
- balansetrening (borna treng å byggja opp balansemuskulaturen rundt anklane)
- skadeforebyggande økter (inspirert frå skadefri.no og med dynamisk uttøyning)
Borna (særskild dei yngste) vil også få moglegheit til å ta seg pausar, slik at alle vert godt tatt vare på, uansett alder og nivå. Vi vil vere minimum 1 instruktør pr 10-12 barn slik at alle skal bli sett.
Utstyr (husk at det framleis er vinter):
Alle deltakarane må ha med:
- ull over- og underdel
- hue, bøff, hansker og helst votter
- joggebukse og genser
- fotballsko og fotballsokkar
- leggbeskyttarar
- drikkeflaske
- eit ekstra kledebytte då været kan bli ein utfordring
Måndag 26.feb - onsdag 28.feb 2024
Innsjekk 0900-10:00. Utsjekk 1400-1500 (organisert trening 10:00 - 14:00)
Pris 749 kr for alle 3 dagane, 499kr for 2 dagar og 299kr for ein av dagane.
Alle barna vil få servert varm lunsj + frukt. Viktig at vi blir informert om evt allergiar/spesielle behov!
Åpen kiosk frå kl 14-14.30.
Vel møtt :)