Strikking med restegarn
Kurshaldar: Iren Dyngeland
lørdag 22.okt 10-16
og søndag 23.okt 11-16
Tilsaman 11 timar.
Merk: kurslokalet er i 3.etasje utan heis.
Iren Dyngeland er ein ekte ullnerd som jobbar i garnbutikk og har heldt ulike kurs på fleire strikkefestivalar.
Tema for Iren har blant anna vore plantefarging, sokkestrikk og ikkje minst favoritten: restegarn!
Denne gongen skal vi strikke vottar med dei minste restegarnsbitane (og nokre litt større).
Du lærer også å starte frå tuppen, og å strikke vott på lang rundpinne.
Du vil få sjå korleis du kan nytte restegarn til små og store strikkeprosjekt.
Material og utstyr:
Ta med restegarn, settepinnar og lang rundpinne som passer kvaliteten du tar med.
I tillegg til smånøster av restegarn i ulike fagar og kvaliteter, treng du og litt garn med samanhengande lengde, ca 100g.
Bergen husflidslag vil og stille med garn som kan brukast.